Regulering av grunnbeløpet (G) i folketrygda fra 1. mai 2019

Grunnbeløpet i folketrygda øker fra kr 96 883 til kr 99 858 fra 1. mai 2019. Det er en økning på kr 2 975 som tilsvarer en økning på 3,07 prosent. Gjennomsnittlig grunnbeløp får en økning på 3,20 prosent. Alderspensjon under utbetaling får en årlig økning på 2,4 prosent.

Regulering av satsene for minste pensjonsnivå

For alderspensjonistar aukar satsane for minste pensjonsnivå med 2,38 prosent. Etter auken utgjer satsane følgande: 

  • Låg sats (ektefellen/sambuaren har pensjon) aukar frå 153 514 til 157 171 kroner.
  • Ordinær sats (ektefellen/sambuaren har uføretrygd eller inntekt over 2 G) aukar frå 177 675 til 181 908 kroner.
  • Høg sats (pensjonist med ektefelle/sambuar som har inntekt under 2 G) aukar frå 186 968 til 191 422 kroner.
  • Særskilt sats (einsleg) aukar frå 194 192 til 198 818 kroner.
  • Særskilt sats (ektepar, forsørgjer ektefelle/sambuar over 60 år og fyller vilkåra for rett til ektefelletillegg) aukar frå 291 022 til 297 955 kroner.

Minste årlege yting for uføretrygda blir etter reguleringa 

  • Ordinær sats: 227 676 kroner (2,28 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Ordinær sats for ung ufør: 265 622 kroner (2,66 G, lever saman med ektefelle eller sambuar)
  • Høg sats: 247 648 kroner (2,48 G, einsleg uføretrygda)
  • Høg sats for ung ufør: 290 587 kroner (2,91 G, einsleg uføretrygda

 

Regelverket

Grunnbeløpet, uføretrygd og alderspensjon under opptening skal regulerast i samsvar med lønnsauken, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsauke to år tilbake i tid.

Alderspensjonar under utbetaling skal først regulerast med den same lønnsauken, og deretter vert det fråtrekt 0,75 prosent.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar vert regulerte med den same lønsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret.

Les mer: regjeringa.no